Strikka “Arne og Carlos-lue”

desember 25th, 2011

Lua har eg strikka med utgangspunkt i oppskrifta “Lang lue med dusk” fra lueheftet til Arne og Carlos (nr.234). Eg synes lua blir litt for lang og baggy slik den blir om ein følgjer oppskrifta, så eg strikka den litt kortare. Eg har også brukt tynnare rundpinnar enn i oppskrifta for å få den litt strammare (4 mm på vrangbord og 4.5 på resten av lua).

Har strikka fleire slike luer i andre fargar, men dei blei pakka som julegåver før eg fikk tatt bilde. Min søster som også fikk denne lua, var snill og stilte som luemodell.

Arne og Carlos lue

Arne og Carlos lue

Arne og Carlos lue

Dåpskort i pastellfargar

november 19th, 2011

Eit dåpskort eg laga til ei jente eg er tante til :)
Mønsterark fra Panduro.

Eg har brukt pastellfargar i rosa og grønn :)
Eit litt dårlig bilde av kortet:/ Slik går det når det skal gå fort i svingane.

Dåpskort jente

Islenderlue av Arne og Carlos

oktober 23rd, 2011

Har strikka lua “Islenderlue” fra heftet Arne og Carlos for Dale Garn, nr: 234 som du kan finne her. I heftet er det 12 ulike luer, og eg har allerede strikka ei til :) Lua er strikka i svart og kvitt med garnet Freestyle fra Dale, rundpinne 4,5 og strømpepinner 4,5. På siste bildet ser du lua fra heftet, nederst i midten. Lua er strikka til min samboer og passa perfekt :)

Islenderlue fra Arne og Carlos

Islenderlue fra Arne og Carlos

Arne og Carlos for Dale Garn, hefte nr. 234

Fylte grove snurrar

september 25th, 2011

I dag har eg vært ordentlig husmor – vaska leiligheita, strøke gardiner og baka fylte snurrar til Brann kampen (som vel og merke ikkje gikk så bra:/…). Snurrane vart kjempegode, så eg tenkte eg vill dele dei med dykk :)

Snurrane er laga på vanlig grov grunndeig, eg likar å bruke olje i staden for smør (litt sunnare;) Fyllet er etter mitt eige hovud. Eg er så glad i soltørka tomat og pesto, så eg tok utgangspunkt i det! Eg dobla deigen under og fikk 14 store snurrar :)   Det som blir att frys eg ned – disse er nemlig ypperlige som turmat!!

Grove snurrar fylt med philadelphia ost, pesto, soltørka tomat og skinke

Grove snurrar

Oppskrift grunndeig:

1/2 pakke gjær
3 dl melk/vatn, lunkent
1/2 ts salt
2-3 ss olje
3 dl sammalt kveite, grov
ca. 4 1/2 dl kveitemjøl

Fyll:

Philadelphia ost, light
Pesto
Soltørka tomat
Skinke

Før steiking pensla eg dei med vatn og strødde på sesamfrø :)

Steikast midt i ovnen på 240 grader, ca. 8-10 min :)

Strikka babysokkar og nyfødtkort

september 14th, 2011

Her har eg strikka eit par babysokkar og laga eit kort i nyfødtgave :)
Sokkane er strikka i Drops Eskimo, oppskrifta finn du på dropsdesign.no (Babydrops nr.17-8).
Veldig raske å lage og kjennes så varme og gode ut!

Strikka babysokkar og eit nyfødtkort

Nyfødtkort

Bryllupskort

august 14th, 2011

Før sommaren laga eg dette bestillingskortet til eit bryllup :)
Pynta med små roser, og la perler rundt heile hjertet. Å bruke initalane, evt navnet til brudeparet synes eg gjer kortet meir personlig. Stempelet på framsida er fra Storyteller, men er usikker på kvar stempelet inne i kortet er fra!

Bryllupskort

Innsida av kortet

Hekla tøfler i Eskimo

august 8th, 2011

Ettersom ferien no er over og høsten står for tur, blir det nok litt meir liv her på bloggen.
I ferien har eg strikka og hekla masse. Blant anna har eg hekla fleire av tøflene under. Veldig enkle å lage, og er utrulig varme og gode :)

Oppskrifta har eg funne på Drops Design sine sider (Drops nr.121-14).
Tøflene er hekla i Drops Eskimo på heklenål nr.8. Fargenummer 54 (mellomlilla) og 40 m (brunmelert mix).

Hekla tøfler

Hekla tøfler

Hekla tøfler

Hekledilla

juni 5th, 2011

Mitt første hekla pannebånd ;)
Drops Design sine instruksjonsvideoar er heilt fantastiske, her kan ein lære det meste sjølv!

Dette pannebåndet er hekla på heklekrok nr.8, garn Drops Ice i fargane turkis og kvit.
La opp 13 luftmasker, hekla fastmasker fram og tilbake til ønska lengde (to omgang kvit, 2 omgang turkis, osv), og sydde det så saman. Pannebåndet blei tjukt og godt! :)

Har no handla inn bomullsgarn og skal prøve meg på eit litt tynnare pannebånd, med andre heklemasker. Må sei eg ha fått ordentlig hekledilla, til min kjæres store frustrasjon ;)

Hekla pannebånd

Hekla pannebånd

Liten gavepose

mai 21st, 2011

I Ett Trykk nr.2/2011 viste dei fleire spennande tips til gaveesker og gaveposar.
Disse må selfølgelig prøves ut!!

Her har eg laga ein gavepose til konfirmant. I denne er det plass til ei pengegave :)

Liten gavepose

Liten gavepose

Innsida av gaveposen

Babyteppe

mai 14th, 2011

Eg har lenge hatt veldig lyst til å lære meg å strikke :)
For at eg skulle få strikkinga inn i fingrane, valte eg ei enkel oppskrift.

Babyteppet er rettstrikk med pinne 6. Rudt teppet har eg hekla ein kant i kontrastfarge.
Eg brukte seks garnnøster, og teppet blei ca 70*100 cm :)
Babyteppet er av Dale Baby ull, så det vart mjukt og deilig.

Babyteppe

Bursdagskort

mai 8th, 2011

For eit hærlig vær og ei fin helg.. Nyte virkelig våren for fullt!!
Litt tid til kortlaging blir det ;)

Tekst fra Ladybug. Motivstempel fra Whiff of Joy, fargelagt med promarkers. Har stempla på nokre “swirlar” rundt motivet med lilla stempelpute. Langs sidene på kortet har eg brukt ein MS punch, og pynta med blomster (punch) og perlebrads.

Bursdagskort

Ståande kort..

Innsida av kortet..

Påska 2011

mai 1st, 2011

Påska heime på Vestlandet var fantastisk.
Heldigvis var det fortsatt snø i fjellet heime, så vi fikk fleire dagar med ski på beina :)
Her er bilder fra både Sunnfjord og Nordfjord.

Alle bilda finn du inne på sjølve innlegget :)

Toppen av Klungeren :) Ein liten topp i Gaular kommune..

Read the rest of this entry »

Bursdagskort

april 26th, 2011

Eit bursdagskort i lilla fargar denne gangen :)
Trives veldig godt med å jobbe med denne søte fargen.

Langs kantane på sidene har eg brukt ein punch fra Marta Stewart.
Ei søt jente fra Magnolia som eg brukar året rundt ;)

Bursdagskort

Bursdagskort

Sett fra sida..

Innsida..

Bursdagskort

april 3rd, 2011

Eit enkelt bursdagskort eg laga for litt sidan.
Tekststempelet er fra Else Irene Meling :)

Bursdagskort

Innbydelsar til jubileum

mars 26th, 2011

I år er det 10 år sidan vi gikk ut av grunnskulen, og det skal feires :)
Eg tok selfølgelig på meg oppdraget med å lage innbydelsar til klasseforstandarane våre.

Mønsterark og stickers er handla inn hos Panduro.
Brukte 3D-puter for å framheve teksten.

Innbydelsar

Innbydelsar

Innbydelse

Innbydelse

Stickers til tekst

Kortet inni..

Bursdagskort med pengegave

mars 17th, 2011

Fikk ei bestilling på eit bursdagskort til ein gutt som skulle inneholde ei lita pengegave :)
Det løyste eg ved å lage eit lite kort med ei lomme til pengar inni kortet.

Stjernene utanpå er spellbinders-dies. Hurra-stempelet er fra Ladybug.

Eit lite bursdagskort

Inni kortet

Barnebursdagskort

mars 3rd, 2011

Det går jammen lenge mellom kvart innlegg no. Eg har faktisk begynt å strikke, så kva eg strikkar kjem det nok bilder fra om ikkje så lenge! :)

Her har eg laga eit enkelt bursdagskort til ein gutt på 6 år.

Barnebursdagskort

Hurra for deg..

Morsdagskort

februar 21st, 2011

Til morsdagen laga eg eit enkelt brettekort :)

Beklagar dårlige bilder, eg hadde desverre ikkje speilreflekskamera tilgjengelig!

Morsdagskort

Morsdagskort

Kortet inni..

Valentine`s Day

februar 14th, 2011

Til min kjære på valentinsdagen laga eg havegrynskjeks med sjokolade :D Kjeksa hadde eg oppi ein fin glassbeholder fra Rosendahl, pynta den med bånd og hengte på eit hjerte stansa ut med spellbinders!

Det skal ikkje så mykje til for å glede den man er så glad i ;)

Havregrynskjeks med sjokolade

Havregrynskjeks med sjokolade

Skikjøring i Oppdal :)

februar 13th, 2011

Ettersom det vart knallvær denne helga, var det ingen tvil at vi måtte reise ut av byn for å stå litt på ski.
I Oppdal var det supre forhold, sjølv om eg godt kunne tenkt meg litt meir pudder utanfor løypene.

Ein fantastisk dag på ski :)

På toppen av Fjellheisen..

Frode:)

Nydelig vær :)

:)

Frode i fin telemarksstil:)

Nyte dagen..